”Kaninbyen” er ein roman skrive av Arild Rein. Boka vart utgjeve i 2004 av Det Norske Samlaget. Handlinga i romanen går føre seg i Stavanger området. Stavanger blir presentert som ein by fylt med brutalitet og kriminalitet. Forfattaren set eit kritisk lys på samfunnsutviklinga og det harde miljøet i Stavanger.
I romanen følgjar vi eks-politimann Jonny Roxman. Han bur i kolonihagen som han har arva av far sin. Han leigar ut leilegheita sin til ein av byens halliker. Bortsett frå inntektene han får frå utleige av leilegheita får han det han treng med å stele og med svindling av blant anna forsikringsselskap. Han har ordna slik at han har fått seg ein stand under gladmatfestivalen, kor han sel bakte poteter. Her tener han pengar på ein nesten lovleg måte bortsett frå at pengane er svarte. Jonny treffer en asiatisk dame med namnet Kim som han utviklar eit forhold til.
Jonny er ein person med dårleg ”attitude” han har ein negativ halding og ser på alt utan om sex som unyttige og tåpelige ting.
Boka gir oss eit innblikk i Stavangers skuggeside, kor fattigdom, menneskehandel og kriminalitet står i sentrum. Hovudpersonen har sterke meiningar om samfunnet, overklassa, politiet og folket rundt han. Han virke svært svekka når det gjeld nytta av språkbruk og korleis haldingar han har. Det er tydeleg at forfattaren ønskjer å gjøre eit opprør med velstanden og rikdommen i Stavanger gjennom boka, og har derfor valt å sjå det frå underverdas perspektiv.
Sex er eit tema som går igjen som ein raud tråd gjennom boka. Seksualiteten blir framstilt som ein drivfrakt og for å tilfredsstille behov, og ikkje som noko fint som har med kjærleik og følelsar for eit anna menneske.
Eg syntes det var ein slitsam bok og lesa, både fordi forfattaren skriv på ein pessimistisk måte og deler av handlinga virka det som er uferdig, mye mulig på grunn av hans usynkroniserte døgnrytme. All banninga som blir brukt forstyrra leseopplevinga. Til tider ble det brukt banneord ut av det blå som ikkje passa inn i setningar i det heile tatt. Dette er ein bok eg ikkje vil anbefalt nokon å lesa.
Kjelder:
Bok:
- Rein, A (2004): ”Kaninbyen” Det Norske Samlaget Oslo 2008.
Internett:
- Marianne (2009): ”Kaninbyen” Fagblogg (Lokalisert: 24.03.2011)

